Klart for det første cuprennet i sesongen!
Postet av Markane IL den 30. Nov 2025

Tysdag 2.desember er det klart for det første cuprennet denne sesongen! Ope for både nye og "gamle" cuprenndeltakarar. Fint om flest mogleg melder seg på gruppa til Markane IL på Facebook innan kl. 1745.
Utdeling av startnummer frå kl.1800. Første start er kl. 1830.
Dei yngste klassene startar først.
Distanse: Dei yngste går 800m. Dei frå 3.-6.klasse går 1.5 km, 7. og 8.klasse går 2.5km medan 9.klasse og oppover går 5 km.
Rennet får i fri teknikk
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjev 350 000 kr i gåve til snøproduksjonsanlegget!
Postet av Markane IL den 20. Nov 2025

Stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som under gårsdagen skiskyttartrening på Ullsheim delte ut gåve på heile 350 000kr til det nye snøproduksjonsanlegget! Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med pengar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Eit 40-tals unge skiskyttarar og foreldre var til stades då Markane IL hadde fellestrening onsdag og fekk med seg at Mats Solheim og Samuline Seljeset frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane delte ut gåva på 350 000 kroner. Med på treninga denne kvelden var også Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik - til stor inspirasjon for dei yngre løparane.
Vi takkar for støtta!
Du kan lese meir om tildelinga på bloggen til Sparebank 1 Sogn og Fjordane
![]()
Siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide i sesongopninga!
Postet av Markane IL den 16. Nov 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten under sesongopninga i skiskyting på Geilo
Maren skaut på seg to bom på siste skyting, men med ein fantastisk fart i sporet på sisterunde vart det likevel siger med 0,3 sekund margin til Marit Øygard.
Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 21.plass i løpet.
Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL kom på 59. plass, Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Hardbagg IL på 63. plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL på 91. plass.
Vi gratulerer!
Takk til alle som bidrog til årets idrettslagsbasar!
Postet av Markane IL den 4. Nov 2025

Markane IL takkar alle som bidrog til ein vellukka basar og premiefest på søndag 26.oktober. I løpet av eit par timar fekk nærare 100 åregevinstar og 18 loddbokgevinstar ny eigarar. Det vart eit godt resultat der ca 80 000 kr kom inn til laget. Stor takk til alle som bidrog med gevinstar eller med loddkjøp samt alle som har hjelpt til med å få basaren vel i hamn.
Samstundes med basaren var det også premiefest for sesongen 2024-2025.
Her kan du finne trekningsliste for loddboka:
Innkalling til årsmøte i Markane IL tysdag 9.desember kl.1900 på Ullsheim
Postet av Markane IL den 4. Nov 2025

Innkomande saker må meldast til styret seinast tre veker før møtet. Det vil seie seinast tysdag 18. november. Saker skal meldast skriftleg til styret på epost antoniakaretekongsvik@gmail.com
Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.
Velkomne!